Øvre Langeid (Bygland gnr. 2 bnr. 1)
Øvre Langeid gnr. 2, bnr. 1 var garden som Tarald Olsen Langeid overtok i 1937. Den har vore eigd av slekta hans sidan 1723. Arealet er 43 dekar, av dette var 35 mål dyrka mark og 8 mål produktiv skog. I 1956 var det 3 kyr, 22 sauer, hest, høns og gris på garden.
Låve, fjøs og stall var oppført i 1941, stolpehus frå 1700-talet. Våningshuset er av tømmer i to høgder, tilbygg i 1952. Det er 82 m² og har fire rom, kjøkken og kjellar. Branntaksten i 1956 var 5000 kroner.
Kjelder
- Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Aust-Agder Vestre del 1956 side 74