Håhellervatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. juni 2016 kl. 15:06 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Håhellervatn)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Håhellervatn er eit vatn på grensa mellom Sirdal og Valle. Det ligg 868 moh. Det offisielle namnet på vatnet er Sandvigvatnet, Håhellervatn er ei godkjent form som ikkje er tilrådd av Kartverket.

Brokke-Suleskarvegen går langs nordre enden av vatnet. Her ligg også Roskreppdammen og Håheller rasteplass. Vest for vatnet, i Sirdal kommune, ligg Hytteheia. Håhelleren ligg på austsida. Ein tur rundt vatnet er om lag seks kilometer og tek 1-3 timar.

Kjelder

Kart

Laster kart ...