Knut Olav Tveit

Knut Olav Tveit (fødd 1963 i Kristiansand) er journalist i Mandagmorgen. Han er utdanna siviløkonom frå Handelshøyskolen i Bergen og journalist frå Universitetet i Stavanger.
Før han kom til Mandagmorgen var han ein kort periode senior kommunikasjonsrådgjevar i Agendum. Han har og vore kommunikasjonsdirektør i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (i NHO), i Akershus Energi, og avdelingsleiar for presse og informasjon i Utdanningsforbundet i Oslo. Knut Olav Tveit har tidlegare vore journalist i Nettavisen, NRK Sørlandet og VG. Han har og vore kommunikasjonsrådgjevar i Geelmuyden-Kiese.
Sjølv om han er fødd og vaksen opp i Kristiansand, hadde han alle feriane og anna fritid på Tveit i Bygland, der far hans kom frå. Han har overteke eigedom der og eig det sørlegaste huset på Tveit, og sjølv om han bur i Oslo, er han jamnt på Tveit og på heia.
Kjelde
- Informasjon gjeve 25. januar 2012 pr. epost