Voss Production
Voss Production er ein kildevatnprodusent med tilhald på Vatnestrøm aust i Iveland. Selskapet er eit datterselskap av moderselskapet Voss of Norway ASA. John Helge Austgulen er dagleg leiar. Styreleiar er Jan Eystein Sæbø. I 2016 er det budsjettert med ei utviding av arbeidsstokken med åtte nye tilsette, noko som vil bringe talet på tilsette opp i 82.
Kildevatnet vert henta opp frå ei artetisk kjelde 1 100 meter frå fabrikken. Kjelda er overteke frå Iveland kommune. Ho var tidlegare kjelda til vannverket på Vatnestrøm.
Verksemda sel desidert mest vatn til USA. Men den kinesiske marknaden er i sterk vekst. I 2015 var omsetninga i bedriften ca 680 millionar kroner.
I 2016 vart det bygd nye produksjonslokale på 4.800 m2. Desse kom i tillegg til dei eksisterande bygningane, lager og fabrikk, med grunnflate 7 800 m2.
Historie
Kjelder
- Om Voss Production AS på Proff.no
- Artikkel om Voss Production i Fædrelandsvennen 27. januar 2016 (bak betalingsmur)