Evje kyrkje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. desember 2011 kl. 00:28 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (omkat)
Hopp til navigering Hopp til søk
Evje kyrkje

Evje kyrkje er ei langkyrkje i tre på Evje bygd av Ludvik Karlsen i 1890-91 og vigsla i 1891. Ho har plass til 450 personar, og det er galleri i kyrkja. Døypefont og preikestol er og bygd i 1891 og er i tre. Altertavla frå 1891 er ein kopi av Adolph Tidemands «Oppstandelsen» frå Bragernes kirke i Drammen frå 1871. Orgelet er frå 1961. I 1985 fekk kyrkja nye messehaglar frå Kirkelig Kulturverksted.

I nedslagsfeltet til kyrkja bur det om lag 1800 menneske. I 1992 var det 35 gudstenester med eit snitt på 40 deltakarar. Elles var det konsertar og andre arrangement i kyrkja, til saman 90 arrangement.

Kart

Laster kart ...

Kjelde

  • Alf Henry Rasmussen: Våre kirker - Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag 1993 ISBN 82-7527-022-7

Eksterne lenker