Hopp til innhald

Storslåtta naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. oktober 2015 kl. 10:07 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt mer språkvask)

Storslåtta naturreservat er eit myrreservat på heia (470 moh.) nord-vest for garden Espetveit på veg mot Abusland sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Området har eit areal på 506 dekar, og vart verna ved vedtak 10. oktober 1986.

Grunngjevinga for fredinga er at dette er eit typisk myrområde i høgdenivået 300-500 moh. Området består av flatmyr der svakt hellande bakkemyr dominerer. I kanten av Storslåtta er det bratte bakkemyrer. Fastmattesamfunn av fattigmyr dekker meir enn 90%. Bjønnskjegg og vortetorvmose dominerer. Langs bekken gjennom myrområdet er det mange blaute parti med flytetorv.

Kjelder