Hopp til innhald

Kjyrehaug

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. september 2015 kl. 10:49 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til kjelder)

Kjyrehaug er ein stor gravhaug, rett ved sida av Hanehaug som også er ein gravhaug og midtpunktet i eit stort fornminneområde med gravfunn frå steinalder, jernalder, bronsealder, folkevandringstid og vikingtid på Nese i Bygland.

Kong Hane skal ha levd på 1000-talet, og rådde over heile Bygland. Segna seier at Olav den Heilage kom på kristningsferd til Setesdal. Kong Hane samla ein hær frå alle bygdene omkring for å slost mot kongen. Slaget skal ha stått ved Ellingstjønn, nord for Bygland. Kong Hane fall, og vart gravlagd i Hanehaug. Den heilage kvite trollkua hans, Audhumbla, som gjekk med han i alle strider, vart gravlagd i Kjyrehaug rett ved sida.

Kjelder