Annlaug Lunden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. april 2015 kl. 14:49 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (fiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Annlaug Lunden
Født: 16. august 1924 (101 år)

Anlaug Lunden (fødd 16. august 1924) bur på Bjørnarå. Ho er enke etter Olav Lunden, som ho trefte då ho var 19 år og gifta seg med i 1950. Ho vart fødd på Rygnestad, men mor hennar, Anlaug Rygnestad, døydde under fødselen, så ho vaks opp hos besteforeldra Torbjørg Røysland og Hallvard Røysland. Far hennar, Torjus Knutson Rygnestad, reiste til Amerika då ho var 13 år. Han døydde i ei arbeidsulukke der i 1940.

Gardsarbeid og stell heime har vore jobben hennar, men i tillegg dreiv ho mykje med rosemaling i mange år. Ho var og aktiv i bygdekvinnelaget. Ho var svært glad i hagearbeid og blomar. I stova har ho ein kaktus som ho hadde med seg til Bjørnarå då ho flytta dit i 1950.

Kjelde