Sigrid Besteland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. april 2015 kl. 00:36 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (fjerna piping)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrid Besteland
Født: 13. april 1916 (110 år)

Sigrid Besteland (fødd 13. april 1916) er dotter til spelemannen Andres K. Rysstad og kona Helga, fødd Besteland. Ho begynte tidleg å spele hardingfele og var med på kappleik i ungdommen. Ho hadde fleire tenestpostar i og rundt Kristiansand, ho var og på heia om sommaren. Ein periode arbeidde ho og på Vallarheim. I 1951 gifta ho seg med Knut N. Besteland. Dei fekk barna Niklos K. Besteland og Helga Besteland.

Kjelde

  • Bygdebok for Valle kommune bind 1 side 61
  • Munnleg informasjon frå Niklos K. Besteland 20. mars 2013