Hornnessongen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. november 2014 kl. 01:04 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hornnessongen stod på trykk i Jol i Setesdal 1964. Han er skriven av Olav A. Tveit.

<poem> Hornnes, mi heimbygd, med gardar og grender - urgamle ætter i skiftande kår. Lat det no ljoma frå fjell og til strender songen om bygda som me kallar vår. Her har forfedrane slite og streva, her vart dei fødde til glede og strid. Soleis fekk me denne plass til å leva - Hornnes, du kjære, du heimbygda mi.

Skogkledd og fager og grøn som ein hage, slik har me sett deg frå nutar og fjell. Høgreiste furu i drusteleg drage skiftar i sjarme frå morgon til kveld. Åsryggar lange mot høgda seg tøyer og inni mellom det lyser ei grend. Elva i bukter kring nesa seg bøyer, glitrar i solskin der stille ho renn.

Otra, du strevsame, du kan vel smile når du på reisa di stoggar ei stund. Just her på Hornnes du legg deg til kvile ute på Breiflå med vikar og sund. Her bygde Hauge og fekk sine vener, papir og møllebruk arbeid oss gav. Her langs dei mange og sandkvite strender ligg dette landskap og speglar seg av.