Sagebekken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. oktober 2014 kl. 20:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Sagebekken)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sagebekken er ein liten bekk som renn ut av Nordtjønn på heia vest for Senum, heilt nord i Evje og Hornnes kommune og rett vest for Byglandsfjord. Han renn mot aust og utfor mange bratte stup nedover mot Senummoen, med eit samla fall på meir enn 200 meter. Vel nede på flata renn han roleg gjennom Senummoen og ut i Otra frå vest. I periodar med mykje nedbør aukar vassføringa i bekken, og dei mange fossane nedover lia kan vere eit flott syn.