Karl Trygve Lehne
| Karl Trygve Lehne | ||
|---|---|---|
| Født: | 25. mai 1901 | |
| Død: | 25. desember 2003 (102 år) | |
Karl Trygve Lehne (født 25. mai 1901 i Lyngdal, død 25. desember 2003) var sokneprest i Åseral frå 1947 til 1959. Han vart student i 1928 og cand.theol. i 1936. I 1938 vart han hjelpeprest i Lyngdal og var der under krigen. Etter perioden i Åseral vart han sokneprest i Gjerstad i ni år før han vart pensjonist og flytta til Oslo, der familien budde dei siste åra. Son hans, Olav Lehne vart 40 år etter sin far sokneprest i Åseral. Karl Trygve Lehne vart i 1940 gift med Gladys Amanda Lehne, fødd Herdal 3. mars 1910 i Brooklyn.
Lehne var fange på Grini frå 25. august 1944 til 2. verdskrig slutta.[1]
Kjelder
- Reidar Bolling: Norges prester og teologiske kandidater Oslo 1958 side 262
- Ole Birger Lien: Finn fred og ro i vedaskog. Artikkel i Setesdølen nr. 56, 2014 side 7