Fånekleivsmarsjen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. oktober 2011 kl. 10:56 av Siri J (diskusjon | bidrag) (endrar startår)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fånekleivsmarsjen er ein turmarsj i over Fånefjellet. Bygland Bygdekvinnelag tok initiativet til marsjen i 1978[1], og sidan har marsjen gått kvart år opp Fånekleiva med start på sørsida av Fånefjellstunnelen. Marsjen er eit par kilometer kvar veg, og sluttar der han starta. Bygdekvinnelaget skipar til natursti med utgangspunkt i lokalt planteliv i samband med turmarsjen, og på toppen av fjellet kan ein ta ein avstikkar ut på utsiktsplassen som er stelt til. Det vert gjeve medaljar til alle som gjennomfører turen.

Landeskogen

Bare ein gong har det ikkje vore mogleg å ha marsjen der, det var i 1998, då det hadde vore flaum og vegen over fjellet var øydelagt av stein og grusras. Det året gjekk turmarsjen på Landeskogen.

Kjelde

  1. Vevstad, Andreas: Aust-Agder Bondekvinnelag 50 år (1936 – 1986), Arendal 1986, s. 136

==Kart== Her går Fånekleivsmarsjen: <googlemap version="0.9" lat="58.774831" lon="7.837286" type="map" zoom="14" width="400"> </googlemap>