Setesdal syng ABBA
Setesdal syng ABBA var eit prosjekt der om lag 40 korsongarar frå alle kommunane i Setesdal song ABBA-songar. Prosjektleiar var Torunn Charlotte Nyberg Lund, og Tina Høgevoll var dirigent. Kapellmeister var Magnus Tveiten. Tekstane var dels på engelsk og dels på nynorsk, omsette av Bjarne Tveiten og Bjørg-Sissel Tveiten. Koret hadde helgesamlingar i Bygland, i Valle og på Hovden, men flest i Valle, som er «midt på» geografisk.
Konsertar
Etter over eitt år med øvingar, heldt prosjektet fire konsertar:
- Hovden grendehus laurdag 10. september 2011 klokka 16
- Hovden grendehus laurdag 10. september 2011 klokka 19
- Valle kultursenter sundag 11. september 2011 klokka 17
- Evjemoen kino sundag 25. september 2011 klokka 18
Konsertane var praktisk talt utselde.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Knall ABBA-fest i Valle! Artikkel i Setesdølen nr. 73, 2011 side 8
- Ole Birger Lien: ABBA, ikkje Mamma Mia. Artikkel i Setesdølen nr. 69, 2011 side 3