Hopp til innhald

Parykkhorn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. mai 2011 kl. 22:22 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Kjelde: Setesdølen nr. 35, 2011)

Parykkhorn er ein sjukdom hos rådyr, elg og andre hjortedyr. Eit hodyr har vore gravid, men fosteret døyr og kroppen prøver å kvitte seg med det døde fosteret, som vert forsteina. Då kan eit parykkhorn vekse ut. Dyret vert blindt etter kvart og kan ikkje finne mat, så det døyr. Slik kvittar naturen seg med eit sjukt dyr. Det same kan skje med sterile handyr. Men dyret har det vondt og bør avlivast. Kjøtet på slike dyr er ikkje farleg å ete.

Kjelde