Hopp til innhald

Bernt Olav Jensen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. mai 2011 kl. 00:00 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bernt Olav Jensen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Bernt Olav Jensen (født 1952) var sokneprest i Bygland prestegjeld frå 1996. Han tok teologisk embetseksamen i 1989 og gjorde teneste som sokneprest i Ibestad frå 1990 til 1996. I 2009 fungerte han også som prost i Otredal prosti, og 19. juni 2009 vart han i statsråd utnemnd til prost i Otredal prosti i Agder og Telemark bispedøme med tenestestad i Vennesla.

Bernt Olav Jensen har alltid vore interessert i landbruk, og han har agronomutdanning også. Etter den utdanninga arbeidde han på ein landbruksskole. Sidan studerte han for å bli kateket, og det var han og ei stund. Men så fann han ut at det kunne være ok å ta resten av teologien og, og difor vart han prest i ein alder av rundt 35 år.

Eksterne lenker