Jan Olsen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. oktober 2010 kl. 14:42 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Jan Olsen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jan Olsen (født 14. mai 1952 i Arendal) er skogsarbeidar i Bygland sidan 1970. Han bur i Jordalsbø, heilt på toppen. I 1999 starta han Sykler til Cuba, eit prosjekt som har engasjert heile Setesdal i å skaffe brukte syklar og etter kvart anna utstyr som vert sendt til Cuba kvart år, og som han den første tida sjølv stod for utdelinga av, men som i den seinare tid også cubanarane sjølv står for utdelinga av. Men han passar på å kontrollere utdelinga så godt som råd også av dette. I den seinare tida har også sportsutstyr, skulemateriell, datautstyr, klede og sko stått på lista over det han samlar inn.

Han er avhengig av å tigge pengar til transport og innkjøp av dekk og deler til syklane. Frakta for ein container ligg på om lag 30.000 kroner i 2010. Han sender to containarar i året, ofte rundt 500 syklar. Den tida han er i Norge, brukar han til å fortelje om prosjektet alle stader han slepp til.

Kvar morgon køyrer han Fædrelandsvennen til abonnentar på Bygland.