Kylland bedehus
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Kylland bedehus vart oppført i 1921 på Fossdal heilt sør i Åseral. Huset, som ligg like ved hovudvegen, vart påbygd og modernisert i 1938 og fekk då to møtesalar, matsal og kjøkken, til saman 136,5 m².
Inventar frå det gamle bedehuset er teke vare på på Nostalgilåven.
Kjelder
- Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Vest-Agder Vestre del side 851
- Sigurd Haugsgjerd: Frå Evje til Eiken. Notis i Setesdølen nr. 38, 2025 side 2