Stillits
Stillits (Carduelis carduelis) er ein art i finkefamilien (Fringillidae) og ein av kun tre artar i slekta stillitser (Carduelis). Arten finnast i det meste av Europa og er relativt talrik austover til Kaspihavet. Han blir meir sparsam lenger mot aust. Arten er livskraftig ifølge IUCNs raudliste, men han er sterkt trua av krypskytteri i det nordvestre Afrika (spesielt i det vestre Maghreb).
Stillitsen i Norge hekkar i ope landskap med lauvtre, skogholt, furuplantigar, frukthagar og alléar i låglandet rundt Oslofjorden og nordover til Hedmark. Han er også funne hekkande på Sørlandet og i Rogaland. Han har sidan 1950-åra auka mykje i både tal og utbreiing. Aukinga kan ha samanheng med mildare vintrar dei seinare åra, og gjengroing av kulturlandskapet som har gitt betre vekstforhold for dei planteslaga stillitsen er avhengig av.
Kjelder
- Artikkelen om stillits på Wikipedia (bokmål)], besøkt 14. april 2023
- Olav Hogstad, Fugler i nærmiljøet, Cappelen Damm, side 112–113