Evje Steinindustri

Foto: Geir Daasvatn
Evje Steinindustri er ei avdeling av Fevik Steinindustri. Verksemda ligg i Evjevegen, mellom Arendalskrysset og skulane på Evje. Her er sal av nye gravmonument, omslip, tilførsle av nye namn, oppussing og sal av alt i naturstein.
Historie
Evje Steinindustri var tidlegare ei avdeling av Nordicstone, og produserte og leverte alle typar gravstein og også omslip, navnetilføyingar, boltesikring og utstyr til gravstein. Selskapet dekka eit marknadsområde i heile Agder-fylka samt søndre del av Rogaland. Verksemda, som blei etablert i 1965 av Alfred Follerås, leverte då også stein til innemiljø og utemiljø.
Medarbeidarar
Evje Steinindustri har to tilsette
- Olaf Follerås, avdelingsleiar
- Magne Kjetså
Kjelder
- Evje og Fevik Steinindustri AS, annonse i Setesdølen nr. 70, 2020, side 11