Evje Steinindustri

Foto: Geir Daasvatn
Evje Steinindustri er ei avdeling av Fevik Steinindustri. Verksemda ligg i Evjevegen, mellom Arendalskrysset og skulane på Evje.
Historie
Evje Steinindustri var tidlegare ei avdeling av Nordicstone, og produserte og leverte alle typar gravstein og også omslip, navnetilføyingar, boltesikring og utstyr til gravstein. Selskapet dekka eit marknadsområde i heile Agder-fylka samt søndre del av Rogaland. Verksemda, som blei etablert i 1965 av Alfred Follerås, leverte då også stein til innemiljø og utemiljø.
Medarbeidarar
Evje Steinindustri har to tilsette
- Olaf Follerås, avdelingsleiar
- Magne Kjetså