Sosteli jernaldergard
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sosteli jernaldergard er eit gardssamfunn frå folkevandringstida som ligg 2 km frå Kyrkjebygd sentrum i Åseral. Her finn ein tuftene etter busetnader frå kring 350-550 e.Kr. Det er eit av Nordens best bevarte slike anlegg.
Jernaldergarden består av tre hustufter (to langhus og ei løe/lagerhus), femten gravhaugar, ein gardsheilagdom som truleg var ein seremoniplass, kullmilegroper, rydningsrøyser, åkrar, steingjerde, utmark og innmark.
Det har ikkje budd folk på Sosteli sidan garden blei fråflytta for om lag 1000 år sidan. Derfor er garden teken vare på slik som han var i folkevandringstida.