Torhild Sandnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. september 2010 kl. 19:13 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Torhild Sandnes (født 29. desember 1952) er fagansvarleg personal i Valle kommune. Ho er og teknikar i Valle Radio. Elles er ho engasjert i Valle Bygdekvinnelag, der ho har vore med i styret i fleire år. Der hadde ho ansvar for Bygdefolkets Studieforbund i Valle og organiserte kurs i alt frå språk og swing til matlaging og handarbeid.

Torhild Sandnes kom til Valle i 2000. Før det budde ho på Evje, men ho arbeidde i Risør som økonomikonsulent på sosialkontoret der eit år. Før det gjekk ho på Høgskulen i Telemark, på natur og miljøstudiet. Ho bur på Sandnes saman med mannen sin, Tor Moseid.