Reier Gjellebøl
Reier Gjellebøl (22. april 1737 - 24. november 1803) var prest og forfattar. Han vart fødd i Høland, i noverande Aurskog-Høland i Akershus. Han tok studenteksamen i København i 1755. Deretter studerte han teologi. Han var lærar i Danmark, mellom anna på Kronborg slott, til i 1773. Då vart han sokneprest i Valle i Setesdal. I 1783 vart Gjellebøl sokneprest i Stavanger. I Setesdal vart han rekna for å vere streng og stri. Det var usemje om presteskyssen og skulestellet.
I 1771 fekk Gjellebøl trykt boka:Naturlig og oeconomisk Beskrivelse over Hølands Prestegield i Aggershuus stift i Norge. Denne boka, til vanleg kalla Hølandsboka har vorte rekna som den første norske bygdeboka.
I Setesdal skreiv han Beskrivelse over Sætersdalen i Christiansands Stift. Denne boka vart godt motteka. I tillegg til desse topografiske skildringane skreiv og omsette han religiøse bøker. Anonymt gav han ut eit hefte med salmar.
Kjelder
- Torleiv Uppstad: Vallepresten Reier Gjellebøl i Jol i Setesdal 2006.