Daniel Danielsen

Daniel Danielsen (fødd 17. septembber 1879 på Askerøy i Tvedestrand, død 1957) var rektor på Hornnes landsgymnas frå 1923 til 1950.
Biografi
Daniel Danielsen vart fødd inn i ein skipsførar- og reiarfamilie. Han tok artium i Tvedestrand i 1897 med beste karakter i nesten alle fag. Deretter studerte han realfag på Universitetet i Kristiania. Her fekk han vere med i forsking saman med professor Reidar Birkeland og Fridtjof Nansen. Han tok matematisk-naturvitenskapelig lærareksamen i 1902, deretter var han lektor ved Kristiansand Katedralskole i 21 år. Etter det kom 27 år som rektor ved Hornnes landsgymnas. Han var fra 1904 gift med Olga Teresia Sunde, en lærerdatter fra Drammen. Deres sønn Andreas ble siden førstekonservator ved Botanisk avdeling
Sakprosaforfattar
Daneilsen var ein flittig forfattar av både bøker og tidsskriftartiklar, mest innan geologiske emne.
Elles var hovedinteressen slekts- og lokalhistorie. Han skreiv ei lang rekke artiklar i historietidsskrift og årbøker. Men freafor alt var han oppteken av lokalhistorie frå Dypvåg. I 1930 gjorde han ein avtale med gymnasrektor Sophus Jenssen i Oslo, som var frå Skibvik i Dypvåg, om at dei skulle lage eit lokalhistorieverk saman. Jenssen leita i arkiva og skreiv om eigedomane, medan Danielsen skreiv om slektene.
I 1965, ni år etter at Daniel Danielsen døydde, kom Dypvåg Gårds- og slektshistorie i tre bind - heile 2394 sider. Nærare 24.000 personar er omtalt i verket. Dette arbeidet var sterkt medverkande til at begge forfattarane fekk Kongens fortjenstmedalje i gull.
Bibliografi
- Bidrag til Sørlandets kvartærgeologi 1910
- Kvartærgeologiske streiftog på Sørlandet 1912
- De gamle havmerker i Brufjellet ved Aaensire 1917
- Um steinane og jordi 1921
- Festskrift til Hornnes kyrkje sitt hundradaars-jubileum 1928
- Hornnes landsgymnas 1918-48 1948
- Dypvåg Gårds- og slektshistorie 1958
- Navneregister til Dypvåg gårds- og slektshistorie 1999