Setesdalswiki:Ukens artikkel
Utsjånad
Tappen DA er namnet på storkiosken, kafeen og gatekjøkkenet på Shellstasjonen i Bygland sentrum. Stasjonen vart automatisert hausten 2010 og Einar Bygland si drift av butikkdelen av stasjonen stogga. Frå november 2010 til 31. mars 2012 drifta Gro Tove Frafjord Helle og Tone Simonstad Knutsen ein kafé i lokala. 1. april 2012 vart drifta overteken av Monica Helle frå Rysstad, som i tillegg til kafédrifta også overtok drifta av bensinstasjonen og vaskehallen. Husflidslaget hadde sine strikkekaféar her kvar 2. og 4. torsdag i månaden. Les meir...