Valle menighetshus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. november 2014 kl. 17:04 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle menighetshus ligg i Valle sentrum, like nord for Valle Bensin. Huset vart i 2010 overteke av kommunen. Planen var å bruke tomta til eit sentrumsbygg for bibliotek og kyrkjestoge, mellom anna. Desse planane vart skrinlagde på møte i Valle kommunestyre 29. oktober 2014. Inntil vidare vert huset brukt som menighetshus.

Historikk

Det opprinnelege huset vart vigsla 19. september 1903. Ein av pådrivarane for å få bygd menighetshuset var Ånund Nomeland. Han var lærar og klokkar i Valle frå 1899 og ivra saman med sokneprest Martin Luther Svanholm og Knut K. Løyland for å få bygd huset. Byglandspresten Johan Peter Lunde heldt vigslingstalen.


Kjelde