Hopp til innhald

Torvikvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. oktober 2015 kl. 23:18 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Veiåni)

Torvikvatn er eit vatn i Valle kommune. Det ligg 840 moh. sør for Store Bjørnevatn og aust for riksveg 45. Vatnet er 1,7163 km² stort. Det går skiløype (rundløype) på 7 km inn til vatnet frå vegen. Relativt skjerma for vind og i flott småkupert terreng. Parkeringsplass langs rv. 45.

Sjølv om det offisielle namnet er Torvikvatn, vert den austre delen av vatnet, som høyrer til Homme, i daglegtale kalla Osevatn, etter Osestøylen som ligg i austre enden av vatnet. Denne delen av vatnet kan ein fiske i gjennom VAFA sitt salg av fiskekort. Det renn ei elv inn i vatnet der, Torvikvatnet høyrer til Otravassdraget og renn ut i Veiåni. Vatnet er ganske djupt, og difor legg isen seg seint på dette vatnet.

Kjelde

Kart

Laster kart ...