Hanehaug
Hanehaug er ein stor gravhaug og midtpunktet i eit stort fornminneområde med gravfunn frå steinalder, jernalder, bronsealder, folkevandringstid og vikingtid på Nese i Bygland.
Kong Hane skal ha levd på 1000-talet, og rådde over heile Bygland. Segna seier at Olav den Heilage kom på kristningsferd til Setesdal. Kong Hane samla ein hær frå alle bygdene omkring for å slost mot kongen. Slaget skal ha stått ved Ellingstjønn, nord for Bygland. Kong Hane fall, og vart gravlagd i Hanehaug. Den heilage kvite trollkua hans, Audhumbla, vart gravlagd i ein haug ved sida, kalla Kjyrehaug.
Kjelder
- Oppslag på info-tavle ved Hanehaug
- Om gravrøyser ved Byglandsfjorden på arkeolog Frans-Arne Hedlund Stylegar sin blogg
- Bygland, Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo, 1956, side 64