Hovassdammen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. mai 2011 kl. 13:37 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dam Hovatn før oppgradering i 2011

Hovassdammen er ein dam i Hovatn i Bygland. Dammen vart bygd i 1916 og er ein kombinasjonsdam som er laga som tømmerkistedam og seinare forsterka med ein betongvegg på oppstrøms side. Den er ein del av systemet som skaffar vatn til Hovatn kraftverk med samla effekt på 45 MW og årlig produksjon på 84 GWh. Dammen er 252 meter lang og største høgde er åtte meter. Høgaste reguleringskote er 690,68 og lågaste er 673,84. Det gjev ein reguleringshøgde på 17 meter. Kapasiteteten i magasinet er på om lag 65 mill m3 vatn.[1]

Oppgradering

I 2011 er det tid for oppgradering av Hovassdammen. Den kjem til å bli litt høgare og damkrona vil bli noko breiare etter oppgraderinga. Skråningane og krona vert plastra. Masse til oppgraderinga skal takast ut frå eit massetak om lag 3 km frå dammen. Det kjem også eit nytt massetak i samband med dette arbeidet. Knut P. Sandnes har fått dispensasjon til å opne eit massetak i Klyvslia, Klyvslia massetak, som ligg bare 400 meter sør for Hovassdammen.[2] Trafikk og Anlegg har fått oppdraget med oppgraderinga, som er kalkulert til å koste opp mot åtte millionar kroner totalt.[3]

Referansar

  1. Rolf Jakobsen, Finn Holmvik og Ragna Marie H. Kjetså: Hovatn kraftstasjon Faktaark utgitt av KEV
  2. Plan og ressursutvalet i Bygland Sak 51/10 Søknad om dispensasjon for etablering av steinbrot til forsterking av Hovassdammen
  3. Ole Birger Lien: Skal ruste opp Hovatn-dam. Artikkel i Setesdølen nr. 37, 2011 side 4

Kart

<googlemap version="0.9" lat="58.96603" lon="7.785873" type="terrain" zoom="13">58.953904, 7.785873</googlemap>

Kjelder

Eksterne lenker