Risdal Touring

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. mars 2025 kl. 15:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert med 2024-tall)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Risdal Touring sitt hovudkvarter på Evjemoen 5. april 2020.

Risdal Touring er ein turoperatør (AS) med hovudkvarter på Evjemoen. Selskapet har basis som busselskap, men arrangerer også reiser med båt, fly og tog. Dagleg leiar er Tom Roger Øydne. Styreleiar er Olav Ljosland Risdal. Gjennom aksjeselskapet Olto Holding eig dei 50 % kvar av aksjane i selskapet. Det er (2024) rundt 100 tilsette i firmaet.

Driftsinntektene i 2019 var om lag 119 millionar kroner. I 2023 var det rekordomsetning med rundt 160 millionar kroner. Omsetninga auka til rundt 200 millionar i 2024. Overskotet var 7,5 millionar.

I desember 2023 blei det kjend at busselskapet Sverre Haga AS i Rogaland skulle bli eit søsterselskap under Ljosland Holding AS og Ziel Kapital AS, i same selskapsstrukturen som Risdal Touring. På nyåret i 2025 gjekk selskapet inn med 50 % eigarskap i det nystarta turbilselskapet Sula Touring på Nord-Vestlandet.

Kjelder

Eksterne lenker