Den sørlandske rivningsbreksjen
Den sørlandske rivningsbreksjen («den store breksjen») er ei om lag 350 km lang geologisk sprekksone som går frå Kristiansand langs Tovdalsvassdraget opp til Hynnekleiv, derfrå gjennom Skjersæ over Heldal – Nelaug – Vegår og vidare austover til Breviksområdet i Telemark. Der støyter ho mot den geologiske formasjonen som blir kalla Oslofeltet. Breidda på sjølve sprekken varierer frå 50 til 300 m. Ved oppsprekkinga blei bergmassane knust til små partiklar. Dei er seinare kitta saman til ei fast masse, kalla mylonitt. Denne mylonitten forvitra lett ved påverknad av isbreane og av vatn (elver). Langs forkastningssona er det såleis danna vatn og elvelaup. Eit eksempel er Tovdalsvassdraget, som følger breksen frå Hynnekleiv til utlaupet ved Kjevik i Kristiansand.
Kjelder
- Knut Mykland, Myklands historie. Kultursoga til 1832, utgjeve av Mykland Bygdeboknemnd, 1998, side 15