Hopp til innhald

Hovden Fjellbad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. september 2012 kl. 10:39 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kjelde)

Hovden Badeland er eit badeanlegg på Hovden. Det har basseng både inne og ute, til saman er anlegget på 3000 kvadratmeter fordelt på to etasjar. Hovden Badeland er eit heilårsanlegg, og i vatnet er det 30 grader. I 2011 hadde anlegget 49.500 gjester, noko som var ein nedgang på 1600 frå 2010. Omsetninga i 2011 var på 7,2 millionar, noko som var ein halv million mindre enn i 2010. Men på grunn av mindre straumutgifter etter at dei installerte flisfyringsanlegg, som stod ferdig i desember 2010, kom ein likevel ut på pluss-sida i rekneskapen.

Hovden Badeland er eigd av Hovden Prosjektutvikling, som igjen er eigd av Bykle kommune. Dagleg leiar er Torvald Gautland.

Prisar

  • Barn helg/ ferie 120
  • Barn mandag-fredag 110
  • Vaksne helg/ ferie 150
  • Vaksne mandag-fredag 135
  • Honnør, handicap helg/ferie 85
  • Honnør,handicap mandag-fredag 80

Kjelde

Eksterne lenker