Hopp til innhald

Hylestad barnehage

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. februar 2021 kl. 14:11 av Siri J (diskusjon | bidrag)

Hylestad barnehage ligg på Nomeland, tett attmed Hylestad skule. Barnehagen har plass til barn frå 0-6 år. Alle barna er på same avdeling.

Barnehagen har eit fint uteområde for alle aldersgrupper. Skogen er i nærleiken, og det går sti opp til ein gapahuk i eit flott og utfordrande turområde. Barnehagen har også ei hinderløype.

Pedagogisk leiar er Caroline Rysstad.

Hylestad barnehage er den eine av to barnehagar i kommunen. Den andre er Valle barnehage.

Kjelder