Hopp til innhald

Lars S. Kjetså

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. oktober 2014 kl. 19:42 av Helland (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Lars S. Kjetså
Født: 25. januar 1927 (99 år)

Lars S. Kjetså (fødd 25. januar 1927) bur på Fennefoss i Evje og Hornnes kommune. «Lars på Mylla» eller «Boa Mylla», som han vert kalla, bur der Hans Nilsen Hauge i si tid fekk bygd mølle ved Fennefossen. Lars var yngst i ein søskenflokk på åtte, einaste gut i barneflokken. I unge år fekk han seg arbeid som forskalingssnikkar på Juvassdammen i Åseral like etter andre verdskrigen. Seinare dreiv han og Anders Hasseldal eige firma og sette opp mangt eit bustadhus i Nedre Setesdal. Dei siste åra i yrkeslivet hadde Lars S. Kjetså i Forsvaret.

Han er ivrig med fluestonga og glad i å ferdast i skog og mark. Men han har innreidd fjoset til snikkarverkstad med dreiemaskinar og anna utstyr og det har vore flittig i bruk i pensjoniståra.

Kjelde