Gamalt or Setesdal

Gamalt or Sætesdal er eit bokverk som kom ut frå 1903 til 1916. Forfatteren Johannes Skar sitt verk dokumenterer den gamle bondekulturen i Setesdal. To av binda kom ut etter hans død, dei var det Knut Liestøl som ga ut. Verket inneheld sagn, eventyr, ordspråk, gåter, barnerim, viser, stev, leker, regler og mykje anna som forfattaren skreiv ned i møte med folk i Setesdal. Revidert utgåve kom ut i 1925 og verket vart seinare utgitt i 1961.
Reimund Kvideland skriv i artikkelen om Johannes Skar i Norsk Biografisk Leksikon:
(I 1897) flytta han tilbake til Setesdal, og med hjelp frå Moltke Moe tok han fatt på utgjevinga av det store tradisjonsmaterialet sitt. Han kompletterte og kontrollerte samlingane, spurde om språklege råd og skreiv mange stykke om fem-seks gonger før han var nøgd. I dei første banda, mindre i dei seinare, støypte han saman variantar eller opplysningar frå fleire heimelsmenn for å kunna gje att den setesdølske forteljekunsta så rett som mogeleg etter mottoet: Å seia ei grei meining med få ord, det er hægdi. Til sist hadde han den setesdølske forteljekunsten i blodet.
November 1901 reiste Skar til Kristiania med manuskriptet til første bandet av Gamalt or Sætesdal. Han fann ingen forleggjar, og enden vart at han, truleg etter råd frå Moltke Moe, gav ho ut på eige forlag 1903. Seinare tok Olaf Norli på seg forleggjaransvaret for resten av verket. Det første bandet handlar om haugianarane eller «lærarane» i Valle som dei vart kalla, og om kjempekarar og spelemenn. Det tok seks år før andre bandet kom; det inneheld først og fremst historiske segner. I tredje bandet kom eit rikhaldig utval av supranormale segner. Fjerde bandet, som Skar sjølv sette høgast, kalla han Bygdeliv. Der skildrar han tru, sed og skikk med eit framhald i neste band med segner og soger om kjende bygdefolk.
Skar kjende seg utrygg på eventyrstilen, men med hjelp frå Moltke Moe kom eventyra i band seks og 7. I åttande og siste bandet kom viser, stev, gåter, leikar og barneviser. Dei to siste gav K. Liestøl ut etter at Skar var død. Gamalt or Sætesdal er ikkje eit vitskapleg verk i streng meining, heller ikkje systematisk oppbygd kulturhistorie, men eit framståande verk om den eldre folkekulturen i Setesdal bygd på dalens eigen forteljekunst.