Hopp til innhald

Storslåtta naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mai 2017 kl. 10:52 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Forskrift)

Storslåtta naturreservat er eit myrreservat på Kallandsheia på garden Abusdal sin grunn, nord-vest for garden Espetveit, på veg mot Abusland sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Området har eit areal på 506 dekar, og vart verna ved vedtak dagsett 10. oktober 1986.

Grunngjevinga for fredinga er at dette er eit typisk myrområde i høgdenivået 300-500 moh. Området består av flatmyr der svakt hellande bakkemyr dominerer. I kanten av Storslåtta er det bratte bakkemyrer. Fastmattesamfunn av fattigmyr dekker meir enn 90%. Bjønnskjegg og vortetorvmose dominerer. Langs bekken gjennom myrområdet er det mange blaute parti med flytetorv.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...