Brokke Alpinsenter

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. august 2012 kl. 10:23 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenkeendring)
Hopp til navigering Hopp til søk
To av alpinsenteret sine løyper på Kvislii
Litt av hyttefeltet i Fardalen på nordsida av Faråni

Brokke Alpinsenter AS blei etablert i 2004 i Kvislelii på nordsida av Rysstadåsen ved Suleskarvegen. Sjølve anlegget tilhøyrer Brokke Skianlegg medan bedrifta er ansvarleg for utbyggjing og dagleg drift, under leiing av Jan Wojtaszek. Anlegget er ein del av reisemålet Brokke og det er ope frå november til april. Det har skiskule, to raude og ei blå alpinløype, tre skiheisar og for langrenn 20 km løyper (5 km lysløype).

Bygginga tok til i september 2004, og etter fire månader var to løypetrasear og eit barneområde ferdig til å takast i bruk. Alpinsenteret er saman med Brokke Eigedom og private investorar ansvarleg for den finansielle delen av vidare utbygging av anlegget.

Mellom brukarane er skikretsane i området, som held samlingar her.

Eksterne lenkjer

Kart

Laster kart ...