Linddalen naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. juni 2015 kl. 17:58 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til bekken gjennom reservatet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Linddalen i juni 2015.

Linddalen naturreservat er ein 110 dekar stor verna edellauvskog i Linddalen, mellom Fylkesveg 302 og Linddalsfjellet, lengst nord i Dåsvannsdalen i Evje og Hornnes kommune. Skogen er alm- og lindeskog, med innslag av fleire andre treslag, og vart freda ved kongeleg resolusjon 9. desember 1977. Det er også ein særs interessant flora i reservatet. Gjennom området og ut i Dåsvatn renn Lislebekk.

Kjelder

Eksterne lenker