Silje Marie Rygnestad Nesvaag: Skilnad mellom versjonar
kat |
|||
| Line 12: | Line 12: | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
*[http://ntnu.diva-portal.org/smash/record.jsf?pid=diva2:381355 Abstract om | *[http://ntnu.diva-portal.org/smash/record.jsf?pid=diva2:381355 Abstract om hovudoppgåva til Silje Marie Rygnestad Nesvaag med lenke til fulltekst av oppgåva] | ||
Versjonen frå 28. september 2011 kl. 00:19

Silje Marie Rygnestad Nesvaag (født 1983) er leiar for PPT Setesdal frå februar 2011, då ho tok over etter Olav T. Åkre. Ho vaks opp i Porsgrunn og tok si mastergrad i psykologi ved NTNU i Trondheim hausten 2010. Masteroppgåva hennar var Tassende terapi. - Teoretisk innlemmelse av hundeassistert terapi iskjemafokusert kognitiv behandling av borderlinepersonlighetsforstyrrelse, den skreiv ho saman med Julie Valen.
Besteforeldra hennar kom frå Utistog i Bykle. Garden ligg like ved Bykle kyrkje og er ein av dei tre største gardane i Bykle, og Silje Marie Rygnestad Nesvaag arva garden som tenåring. Ho har hatt utsetting med buplikta på grunn av utdanning, men då ho fekk jobben i PPT Setesdal med kontorstad i Valle, høvde det godt å bu på garden som ho har brukt som fritidsbustad tidlegare.
I fritida er ho aktiv innan kampsport og har vore innom både kickboksing, shootfighting, boksing og mixed martial arts. Ho er og aktiv innan vektløfting. 5. mars 2011 fekk ho sølv i vektløfting i 75-kilosklassen i NM.
Kjelder
- Helene Horverak: Gardseigar og ny PPT-leiar. Artikkel i Setesdølen nr. 61, 2011 side 8
- Tok NM-sølv i vektløfting. Artikkel i Setesdlen nr. 61, 2011 side 8