Reier Gjellebøl: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreasv (diskusjon | bidrag)
Legg inn artikkel eg skreiv til Wikipedia på nynorsk
 
Andreasv (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
Line 6: Line 6:


==Kjelder==
==Kjelder==
*Torleiv Uppstad: Vallepresten Reier Gjellebøl i ''[[Jol i Setesdal]] 2006.
*Torleiv Uppstad: Vallepresten Reier Gjellebøl i ''[[Jol i Setesdal 2006]].

Versjonen frå 30. juli 2011 kl. 12:38

Reier Gjellebøl (22. april 1737 - 24. november 1803) var prest og forfattar. Han vart fødd i Høland, i noverande Aurskog-Høland i Akershus. Han tok studenteksamen i København i 1755. Deretter studerte han teologi. Han var lærar i Danmark, mellom anna på Kronborg slott, til i 1773. Då vart han sokneprest i Valle i Setesdal. I 1783 vart Gjellebøl sokneprest i Stavanger. I Setesdal vart han rekna for å vere streng og stri. Det var usemje om presteskyssen og skulestellet.

I 1771 fekk Gjellebøl trykt boka:Naturlig og oeconomisk Beskrivelse over Hølands Prestegield i Aggershuus stift i Norge. Denne boka, til vanleg kalla Hølandsboka har vorte rekna som den første norske bygdeboka.

I Setesdal skreiv han Beskrivelse over Sætersdalen i Christiansands Stift. Denne boka vart godt motteka. I tillegg til desse topografiske skildringane skreiv og omsette han religiøse bøker. Anonymt gav han ut eit hefte med salmar.

Kjelder