Ole Magne Omdal: Skilnad mellom versjonar
personmal |
s Fjernet Kategori:Ordførere; La til Kategori:Ordførere i Iveland via HotCat |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
{{DEFAULTSORT:Omdal, Ole Magne}} | {{DEFAULTSORT:Omdal, Ole Magne}} | ||
[[Kategori:Ordførere]] | [[Kategori:Ordførere i Iveland]] | ||
[[Kategori:Personer fra Iveland kommune]] | [[Kategori:Personer fra Iveland kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1956]] | [[Kategori:Fødsler i 1956]] | ||
Versjonen frå 14. september 2014 kl. 02:18
| Ole Magne Omdal | ||
|---|---|---|
| Født: | 16. mai 1956 (69 år) | |
Ole Magne Omdal (fødd 16. mai 1956) var ordførar i Iveland kommune, eit verv han gjekk inn i etter valet i 1995. Han bur på Frigstad og representerer Senterpartiet. Før han vart ordførar, var han rådgjevar for næringssaker hos Fylkesmannen i Aust-Agder. Han har hatt eit sterkt engasjement for næringssaker i heile sin periode som ordførar i Iveland. Viktig har også hans engasjement vore for å auke folketalet i kommunen, mellom anna med å få personar frå Nederland til å flytte til Iveland. Arbeidet med å legge til rette for at folk kan få kjøpe større tomter når dei skal bygge hus, har også vore ein suksess i kommunen i hans tid som ordførar.
Ole Magne Omdal har vore sterkt oppteken av at kommunen skulle få ein god utbyggingsavtale i samband med Agder Energi si planlagde utbygging av Iveland kraftverk. Då den avtalen var signert, sa han til Setesdølen: -Det er eitt av dei stoltaste øyeblikka eg har opplevd i mine snart 16 år som ordførar.[1]
Han tok ikkje attval ved kommunevalet 2011 og avslutta ordførarvervet etter 16 år. Deretter starta han i eit vikariat som rektor ved KVS Bygland
Referansar
- ↑ Sigurd Haugsgjerd: -Kraftutbygging gir eit løft. Artikkel i Setesdølen nr. 68, 2010 fredag 13. august 2010