Slengen: Skilnad mellom versjonar
bilde |
Inkje endringssamandrag |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
I bygdeboka for Valle er det opplyst at Slengen vart frådelt i 1906, men det er grunn til å tru at husmannsplassen har vore nytta frå lenge før det. Huset tyder på å vere bygd på 1800-talet. Frå 1935 har det ikkje budd folk i huset, som har stove, gang og kammers. Det er i ein etasje og har ein låg hems over stovedelen. | I bygdeboka for Valle er det opplyst at Slengen vart frådelt i 1906, men det er grunn til å tru at husmannsplassen har vore nytta frå lenge før det. Huset tyder på å vere bygd på 1800-talet. Frå 1935 har det ikkje budd folk i huset, som har stove, gang og kammers. Det er i ein etasje og har ein låg hems over stovedelen. | ||
I området er det tre andre husmannsplassar som i dag bare er attgrodde tufter: Krone, Drenkadøl, og Bronen. Slengen vert teken vare på av [[Setesdalsmuseet]] og var månadens kulturminne for mai i Aust-Agder. | I området er det tre andre husmannsplassar som i dag bare er attgrodde tufter: Krone, Drenkadøl, og Bronen. Slengen vert teken vare på av [[Setesdalsmuseet]] og var månadens kulturminne for mai 2013 i Aust-Agder. | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
Versjonen frå 20. desember 2013 kl. 13:17
Slengen er ein husmannsplass i Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap. Den er den einaste av fire slike plassar som framleis har hus. Dette er sterkt til nedfalls, men det er no vedteke å setje huset i stand att gjennom kurs der handverkarar får opplæring i gamle handverksteknikkar. Plassen fortel om husmannen sitt daglegliv og levekår betre enn ein skriftleg rapport kan gjere.
I bygdeboka for Valle er det opplyst at Slengen vart frådelt i 1906, men det er grunn til å tru at husmannsplassen har vore nytta frå lenge før det. Huset tyder på å vere bygd på 1800-talet. Frå 1935 har det ikkje budd folk i huset, som har stove, gang og kammers. Det er i ein etasje og har ein låg hems over stovedelen.
I området er det tre andre husmannsplassar som i dag bare er attgrodde tufter: Krone, Drenkadøl, og Bronen. Slengen vert teken vare på av Setesdalsmuseet og var månadens kulturminne for mai 2013 i Aust-Agder.