Hopp til innhald

Hylje: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Siri J (diskusjon | bidrag)
henta eigen tekst frå http://lokalhistoriewiki.no/index.php?title=Hylje_%28Hylestad%29&oldid=338236
 
Siri J (diskusjon | bidrag)
Line 14: Line 14:
* Ryningen, Alfred: «Hylje» i ''Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad'' s. 7-12, 1994, ISBN 8299133416
* Ryningen, Alfred: «Hylje» i ''Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad'' s. 7-12, 1994, ISBN 8299133416
{{reflist}}
{{reflist}}
==Eksterne lenker==
*[[:lokhist:Hylje (Hylestad)|Artikkelen på lokalhistoriewiki.no]]


[[Kategori:Garder i Valle]]
[[Kategori:Garder i Valle]]
[[Kategori:Hylestad]]
[[Kategori:Hylestad]]

Versjonen frå 4. desember 2013 kl. 17:07

Hylje var ein gard i Valle kommune. Den gav namn til soknet og den tidlegare kommunen Hylestad, men nøyaktig kor den låg er ikkje lengre kjend. Garden var prestegard, og under ei rettssak i 1615 og 1618 kom et fram at gardane Hovet og Bjørgum hadde delt garden mellom seg ein gong etter svartedauen, truleg på 1600-talet.[1]

I august og september 1580 vert garden nemnt i to brev til den nye presten i Valle, Peder Nilsen. Han hadde spurd to tidlegare prestar, Jacob Mikkelsen og Laurits Hansen om kva inntekter dei hadde hatt medan dei rådde i Valle. Båe prestane hadde fått ei tunne korn i landskyld av garden, og seinare motsvarande frå Hovet, Haugen og Bjørgum.

Namnet

Namnet skal ha sitt opphav i det gamalnorske hylr som tyder vasskulp, stillvetne i bekk eller elv.[1] I Setesdal finst fleire namn med Hylje som til dømes Hyljebrokke i Valle og Hyljebakken i Bykle.

Oluf Rygh skriv i Norske Gaardnavne at Hyljes og kyrkjas opprinnelege sted skal finnast i gardsnummer 65 Hovet, sidan garden er nemnd i slik samanhang i stev og andre gamle vers. Områder på Hovet skal og til vanleg kallas Kyrkjebygdí eller i By´gdinn. Som andre argument nemner Rygh at namna Hylisdalen og Hyliskjelle (-kjelda) finst på Hovet sitt område.

Kjelder og referansar

  1. 1,0 1,1 Ryningen, Alfred: «Hylje» i Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad s. 7, 1994, ISBN 8299133416.

Eksterne lenker