Skilnad mellom versjonar av «Ein liten ettertanke midt i sommaren»
(Oppretta sida med «thumb|200px|Eit blåbærris {{byline|Anneli Salo|2011}} '''Ein liten ettertanke midt i sommaren''' delte Thor Åmli på Facebook 27. juli 2025, og to dager senere i ''Kvarteret'' under tirsdagssendingen i Valle Radio. Eg tenkjer meir og meir på dette med å dele. Bilete, stader, opplevingar. Det er jo fint, eigentleg – å gi eit glimt inn i noko vakkert: ei solnedgang, ei…») |
sIngen redigeringsforklaring |
||
Line 1: | Line 1: | ||
[[File:A bilberrie and a bush.jpg|thumb|200px|Eit blåbærris {{byline|Anneli Salo|2011}}]] | [[File:A bilberrie and a bush.jpg|thumb|200px|Eit blåbærris {{byline|Anneli Salo|2011}}]] | ||
''' | '''Ein liten ettertanke midt i sommaren''' delte [[Thor Åmli]] på Facebook [[27. juli 2025]], og to dager seinare i ''Kvarteret'' under [[Tysdagssending i Valle Radio 20250729|tysdagssendinga]] i [[Valle Radio]]. | ||
Line 13: | Line 13: | ||
Mvh. ifrå blåbærskogen ein plass. | Mvh. ifrå blåbærskogen ein plass. | ||
=== Kjelde === | |||
* Facebooksida til Thor Åmli, på Setesdalswiki etter avtale. | |||
[[Kategori:Valle Radio våren 2025|Kåseri]] | [[Kategori:Valle Radio våren 2025|Kåseri]] | ||
[[Kategori:Kåserier]] | [[Kategori:Kåserier]] |
Siste versjonen frå 29. juli 2025 kl. 19:54
Ein liten ettertanke midt i sommaren delte Thor Åmli på Facebook 27. juli 2025, og to dager seinare i Kvarteret under tysdagssendinga i Valle Radio.
Eg tenkjer meir og meir på dette med å dele. Bilete, stader, opplevingar. Det er jo fint, eigentleg – å gi eit glimt inn i noko vakkert: ei solnedgang, eit bad i stille vatn, ei handfull blåbær rett frå lyngen. Eller kanskje ein fisk ein har fått, eller ein telt-/hengekøyeplass som er akkurat passe skjerma for både vind og folk med ei flott utsikt.
Men eg merkar at eg kjenner på ei slags varsemd. For kvar gong vi deler ein liten hemmeleg stad f.eks. eit bortgøymt vatn, ein kulp som har vore fredeleg og urørt så blir det plutseleg allemannseige. Og ofte, etter kort tid, blir det fullt. Nedtråkka stier. Lagt ut på TikTok. Parkerte bilar tett i tett. Ein stille stad blir ein populær stad. Og noko blir borte. Denne sommaren har eg sett korleis Honnevje, Marhyl og Kulpane nærmast kokar av folk. Det er så mange som søkjer det same: ro, skjønheit, eit pusterom. Eg forstår det. Eg gjer det sjølv. Men eg lengtar òg etter stader der eg slepp å bade oppå folk. Der eg kan vere aleine, eller kanskje berre dele stillheita med ein fugl. Fleire stader i Valle hev framleis «hemmelege» badeplasser, blåbærskoger, stier, moltestø, etc.
Akkurat no sit eg på ein liten flekk i skogen og plukkar blåbær. Det finst sikkert mange slike stader enno, men eg trur færre og færre får vere urørte. For kvar gong vi freistast til å leggje ut, tagge og dele – så gjev vi det òg frå oss. Og eg trur det må vere heilt greitt å ha noko berre for seg sjølv. Noko eige. Ikkje hemmeleg av vond vilje, men av kjærleik. Kanskje vi kan øve oss litt på å ikkje alltid dele kvar vi er. La nokre stader få vere stille, hemmelege eller ukjente. Uten stiar og skilt og stories. Nokre gonger er det nettopp det udelte som gjev mest. Ja, ting skal og kan delast men tenk deg om noko neste gong. Ha ein fortsatt god sommar!
Mvh. ifrå blåbærskogen ein plass.
Kjelde
- Facebooksida til Thor Åmli, på Setesdalswiki etter avtale.