Grovane stasjon: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til noen kategorier
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Fjernet en kategori som var feil
Line 19: Line 19:
[[Kategori:September 2022]]
[[Kategori:September 2022]]
[[Kategori:Bilder fra 2022]]
[[Kategori:Bilder fra 2022]]
[[Kategori:Bilder av Geir Daasvatn]]

Versjonen frå 26. oktober 2022 kl. 11:11

Grovane stasjon 4. september 2022. Bygget er teikna av arkitekt Paul Due.

Grovane stasjon i Vennesla blei bygt i samband med opninga av den smalspora Setesdalsbanen, som gjekk frå Kristiansand til Byglandsfjord 1896–1962. Stasjonen ligger om lag 20 km frå Kristiansand.

I 1938 blei Sørlandsbanen opna på strekninga frå Nelaug stasjon til Kristiansand. Grovane blei då ny endestasjon, sporbruddstasjon, for Setesdalsbanen. Det var omstiging og omlasting frå tog på smalspor til tog på normalspor. (1067/1435 mm).

Rundt 1970 vart Setesdalsbanen sitt smale spor fjerna frå stasjonen. Men det er sidan blitt bygt opp igjen. Grovane stasjon er nå den einaste sporbruddsstasjon i landet med treskinnespor på den eine sida av mellomplattformen mellom spor 2 og 3 og på fleire andre spor.

Stasjons- og verkstadområdet på Grovane har vore utgangspunkt for entusiastane som har fått i gang drift av museumsjernbane på delar av den gamle traséen. I første omgang gjekk toget opp til Beiehølen, og frå 2004 på den åtte km lange strekninga fram til Røyknes stasjon.

Kjelder

Kart