Hopp til innhald

Laura Høgetveit: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Laura
 
Siri J (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
Line 6: Line 6:


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Misjonærer 1891-1941]] side 47
* {{Kinamisjonsmisjonærer 1941|47. }}
*''Norsk misjonsleksikon'' bind spalte 317
*''Norsk misjonsleksikon'' bind spalte 317



Versjonen frå 1. september 2022 kl. 13:54

Laura Høgetveit
Født: 19. september 1899
Død: 26. oktober 1994 (95 år)

Laura Høgetveit (fødd Riise 19. september 1899 i Grytten i Romsdal, død 26. oktober 1994) var sjukepleiar og kinamisjonær saman med mannen Jørgen Høgetveit. Ho tok ei toårig utdanning som sjukepleiar på Menighetssøsterhjemmet i Oslo 1926-28. Sidan var ho ei tid i England og var også menighetssøster i Brandbu og på Lesja. I 1933 vart ho vigsla til misjonær og same året reiste ho til Mandsjuria. Der hadde ho teneste i Tsitsihar og Noho. I Tsitsihar gifta ho seg, men då mannen døydde i 1939, reiste ho heim for godt og etablerte seg på hans heimstad Evje. Der døydde ho i 1994.

Familie

Foreldrene til Laura Høgetveit var lærar Lars Riise og Oline Grytten. Saman med Jørgen Høgetveit hadde ho barna Olav Høgetveit og Jørgen Høgetveit.

Kjelder