Gudrun Rygnestad: Skilnad mellom versjonar
utvida |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
Ho var lærar på Ringerike folkehøgskule, Sandar yrkesskule, og i grunnskulen i Valderøy. Ho var og lærar på vidaregåande skule i Risør i 13 år og på vidaregåande skule i Arendal etter det før ho vart knytt til fylkesadministrasjonen i Aust-Agder frå 1993. Frå 1968 til 1972 var ho bestyrarinne på Hotell Continental i Oslo. Ho arbeidde og på Oslo Husmorskule ein periode. | Ho var lærar på Ringerike folkehøgskule, Sandar yrkesskule, og i grunnskulen i Valderøy. Ho var og lærar på vidaregåande skule i Risør i 13 år og på vidaregåande skule i Arendal etter det før ho vart knytt til fylkesadministrasjonen i Aust-Agder frå 1993. Frå 1968 til 1972 var ho bestyrarinne på Hotell Continental i Oslo. Ho arbeidde og på Oslo Husmorskule ein periode. | ||
I ein alder av 74 år etablerte ho nettbutikken | I ein alder av 74 år etablerte ho nettbutikken «Nissefabrikken». | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
Versjonen frå 19. november 2012 kl. 16:58

Gudrun Rygnestad (fødd 14. november 1938 på Rygnestad i Valle kommune) er aktiv produsent av handlaga nissar, setesdalsdokker, trefigurar, filleryer og mykje anna handarbeid. Ho har budd mange plassar i Sør-Norge, men frå 1972 har ho budd i Aust-Agder, men har hytte ved Bjørnevatn og held god kontakt med heimbygda. Ho gjekk på Bø landsgymnas 1958 og tok deretter lærarutdanning på Statens husstellærerhøgskole Stabekk, der ho var ferdig i 1964. Ho har også utdanning frå Bedriftsøkonomisk Institutt.
Ho var lærar på Ringerike folkehøgskule, Sandar yrkesskule, og i grunnskulen i Valderøy. Ho var og lærar på vidaregåande skule i Risør i 13 år og på vidaregåande skule i Arendal etter det før ho vart knytt til fylkesadministrasjonen i Aust-Agder frå 1993. Frå 1968 til 1972 var ho bestyrarinne på Hotell Continental i Oslo. Ho arbeidde og på Oslo Husmorskule ein periode.
I ein alder av 74 år etablerte ho nettbutikken «Nissefabrikken».
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: 74-åring opnar nettbutikk. Artikkel i Setesdølen nr. 90, 2012 side 4