I Bykle vil eg una: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
mellomoverskrift |
s Harald Haugland flyttet siden Byklesongen til I Bykle vil eg una |
(Ingen skilnad)
| |
Versjonen frå 20. mai 2012 kl. 11:59
Byklesongen er ein song av Olav Holen.
Teksten
- I Bykle vil eg una, min beste heim på jord.
- Her heve syskin stuka, her streva far og mor.
- Her skin ein skatt so kjær,
- ut frå den gamle heimstad, kor enn me bur og er.
- Her gyller lund og lier, i klåre sommarkveld.
- Her blømer blom på vollen, her glimar snø på fjell.
- Og gauken gjel i li,
- med fuglen syng på kviste i fagre sommartid.
- Her glitrar elv og vatten, så vidt i allan lei,
- Og gard og grender lyser, innunder håge hei.
- I mellom tind og mo,
- ligg Bykle-bygdi kviler i djupe kveldsstill ro.
- Her står den gamle kyrkja og gjev ei signing ny.
- Ho våre fedrar tufta ein tidleg morgon-gry.
- Her lydde fedresang,
- ein straum av høgtid tona, når kyrkje-klokka klang.
- Vår kjære fagre heimstad, ligg høgt og fritt og trygt,
- Me hegna vil og verna det fedrane hev bygd.
- Me ungdoms eld og glo,
- me her vil bu og byggja, vår framtid her skal gro.
- Gud signe då kvar ungdom som blømer i vår bygd.
- Gjev kunskap fram må vekse og kjærleik, tru og dygd.
- Då har vår framtid trygd,
- det gjev oss ljose voner og trivd i heim og bygd.