Dåsvassdalen naturreservat: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Dåsvassdalen naturreservat
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
kart
Line 1: Line 1:
'''Dåsvassdalen naturreservat''' er eit 3017 dekar stort naturreservat i [[Evje og Hornnes kommune]]. Det ligg vest for [[Dåsåna]]. Området er verna etter ordninga med frivillig skogvern, og reservatet vart oppretta ved kongeleg resolusjon av [[21. juni 2017]].  

Formålet med vernet er å ta vare på eit område med bratte og nordaustvende lier med åpen og engprega lauvskog. Slike lier er svært sjeldne. I liene er det gamle edellauvtre. På alm, spisslønn og grov osp (opp til ein meter i diameter) er det lungenever. Det er også grov, gammal eik i området. I [[Svarteberglia]] er det ein gammal barlindskog med til dels svært grove tre. Den er ein av dei mest verdifulle ein kjenner i Norge.  

==Høyring==
Då saka var ute på høyring, kom det inn seks uttalar. Aust-Agder fylkeskommune, Språkrådet, Statnett og Jernbaneverket hadde ingen merknader. Norges Jeger- og fiskeforbund/Aust-Agder støtta vernet og at det opna for jakt og fiske, utfrakting av felt storvilt og at det var lov å lage bål under visse føresetnader. Norsk organisasjon for terrengsykling var også positive, men ba om at det måtte bli lov å sykle på vegar og stiar i området.  

== Berørte gardar ==
== Berørte gardar ==
Line 11: Line 14:
*[https://lovdata.no/dokument/MV/forskrift/2017-06-21-897 Forskrift om freding av Dåsvassdalen naturreservat på Lovdata]

*[http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00003278 Faktaark om Dåsvassdalen naturreservat på naturbase.no]

*[http://www.xn--miljdirektoratet-oxb.no/Global/dokumenter/tema/verneomr%C3%A5der/Tilr%C3%A5dinger/V%C3%A5r%202017/Milj%C3%B8direktoratets%20tilr%C3%A5ding%20v%C3%A5ren%202017.pdf Miljødirektoratet si tilråding ved oppretting av verneområdet]
==Kart==
{{kart|58.5839 7.6635}}

[[Kategori:Naturreservat]]
[[Kategori:Naturreservat]]
[[Kategori:Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Evje og Hornnes]]

Versjonen frå 8. juli 2017 kl. 10:08

Dåsvassdalen naturreservat er eit 3017 dekar stort naturreservat i Evje og Hornnes kommune. Det ligg vest for Dåsåna. Området er verna etter ordninga med frivillig skogvern, og reservatet vart oppretta ved kongeleg resolusjon av 21. juni 2017.

Formålet med vernet er å ta vare på eit område med bratte og nordaustvende lier med åpen og engprega lauvskog. Slike lier er svært sjeldne. I liene er det gamle edellauvtre. På alm, spisslønn og grov osp (opp til ein meter i diameter) er det lungenever. Det er også grov, gammal eik i området. I Svarteberglia er det ein gammal barlindskog med til dels svært grove tre. Den er ein av dei mest verdifulle ein kjenner i Norge.

Høyring

Då saka var ute på høyring, kom det inn seks uttalar. Aust-Agder fylkeskommune, Språkrådet, Statnett og Jernbaneverket hadde ingen merknader. Norges Jeger- og fiskeforbund/Aust-Agder støtta vernet og at det opna for jakt og fiske, utfrakting av felt storvilt og at det var lov å lage bål under visse føresetnader. Norsk organisasjon for terrengsykling var også positive, men ba om at det måtte bli lov å sykle på vegar og stiar i området.

Berørte gardar

Gardar i Evje og Hornnes

Kjelder

Kart

Laster kart ...